Seniorkonsulent (Studieadministrasjonen)

Universitetet i Bergen · bergen, bergen, Norway

Location
bergen
Job Type
Full-time
Posted
June 27, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
Ved Institutt for geovitskap (GEO) er det ledig ei stilling som seniorkonsulent innan studieadministrasjon. Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan starte og fungere i stillinga raskast mogleg.
Instituttet er eitt av Europas største geofaglege miljø, og har omlag 170 tilsette og 380 studentar. Geologar og geofysikarar sit på nøkkelkompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar, noko som synest i instituttet sine strategiske satsingsområde: (1) Marin, klima og polarforsking, (2) Geofarar og miljø, (3) Energiomstilling og ressursar. Undervisninga ved instituttet femner om eit breitt spekter av geofaglege disiplinar. Instituttet har to bachelorprogram, eit i geovitskap med ei studieretning i geologi ...

Ready to Apply?

Submit your application for Seniorkonsulent (Studieadministrasjonen) at Universitetet i Bergen

Apply Now