Leiar for dagaktivitetstilbod

Kvam Herad · norheimsund, vestland, Norway

Location
norheimsund
Job Type
Full-time
Posted
July 10, 2026

Job Description

Er du vår nye leiar?

Me treng ein framtidsretta leiar for dagaktivitetstilbodet i helse og omsorg. Kommunen satsar på dagaktivitet og vil samla ansvaret for dette under same leiar. Leiaren får ansvar for å drifta og utvikla alle dagsentera i kommunen.

Dagaktivitetstilbodet har ei nøkkelrolle for at eldre kan bu heima lengst mogleg og for å førebyggja einsemd og passivitet.

Avdeling for personar med utviklingshemming held til på Nordtunet ved Øysteseheimen. Her gjev ein dagaktivitetstilbod til personar som ikkje kan nyttiggjera seg av tilrettelagte arbeidsplassar. Aldersgruppa på Nordtunet er frå omlag frå 20- 70 år. Det er dagaktivitetstilbod for eldre i Ålvik, Øystese og Strandebarm.

Leiaren må vera tydeleg i sine prioriteringar for åra framover, og det vil verta stilt krav og forventningar til mål og resultat for tenesta. Som leiar skal du sørgja for gode tenester til eldre heimebuande, personar med demens og personar med u...

Ready to Apply?

Submit your application for Leiar for dagaktivitetstilbod at Kvam Herad

Apply Now