Location
voss
Job Type
Full-time
Posted
June 17, 2026
Job Description
Vil du vera med i den vidare utviklinga av Sylvsmidja?
Me søkjer kundebehandlar for fast tilsetting i 100% stilling.
Me ser etter deg som likar kunderådgjeving og service. Du trivst med at arbeidsdagen vekslar mellom praktiske og teoretiske oppgåver, men der sjølve kjernen er å yta kundeservice med høg kvalitet. Me vil ha deg med på laget dersom du kan jobba sjølvstendig, men du må også lika å vera ein del av eit arbeidslag der alle oppgåver er avhengige av eit godt samspel.
Arbeidsoppgåver
- Kundedialog både fysisk, på telefon, e-post og chat. Me har eit veldig breitt sortiment innan bunadsølv og smykke, så du må ha kapasitet og ynske om å læra deg mykje om både bakgrunn og bruk av alle desse produkta.
- Lagerlogistikk, m.a. mottak, pakking og utsending av varer.
- Ansvar for deloppgåver i kundesenteret.
Kompetanse og personlege eigenskapar
- Fagbrev innan salsfaget eller service- og administrasj...