Job Description
Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS – bli med på reisa vår vidare framover!
ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre. Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane.
Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid. Vi ventar at dette både vil halde fram og auke. For å vere med på å leie denne utviklinga, med dei moglegheitene og omstillingane dette ber med seg, ønskjer vi ein driftig og engasjert leiar som ønskjer å ta styringa over eit framtidsretta rådgjevings- og rekneskapskontor.
Dette er stillinga for deg som får folk med deg, ser moglegheiter, liker utfordringar og det å skape utvikling i lag med medarbeidarar, kundar og partnarar – og vere i front i utviklinga til bransjen.
Oppdraget ditt er å:
- Skape framleis god drift i ein organisasjon og bransje i rask end...