Job Description
Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid.
Vi ser etter deg som vil vere fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å byggje gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.
Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og st...